Om oss

 

Som nemnd på framsida er Fagforum Grovfôr ei vidareføring av Grovfornett.no, som vart oppretta i 2004. Du finn meir om Grovfornett.no si historie i linken til høgre.

Frå 2010 er eigarskap og drift overdrege til Bioforsk. Fagforumet vert drifta i samarbeid mellom Bioforsk og Norsk Landbruksrådgiving, i Norsk Landbruksrådgiving sitt nett.

Til skilnad frå Grovfornett.no vert det ikkje oppretta diskusjonsforum/spørjespalte eller marknadsplass på Fagforum Grovfôr. Vi har ikkje kapasitet til å følgje opp slike forum, og det finnast allereie bloggar, som til dømes Tine sin Fôringsblogg for dei som er interessert i mjølkeproduksjon.

Fagforum Grovfôr er i utgangspunktet open for alle, men av og til kan du likevel få beskjed om at du ikkje får tilgang til ein artikkel. Det skuldast at vi har vald automatisk kobling til fagdatabasen i Norsk Landbruksrådgiving, som sikrar ein jamn og god straum av fagstoff frå heile landet. Artiklar skrivne av lokale rådgivarar kan vera avgrensa til eigne medlemmer, og slike får du ikkje tilgang til om du ikkje er medlem i den lokale eininga innan Norsk Landbruksrådgiving. Innloggingsruta til høgre er berre til hjelp for redaktørane.

Vi ønskjer å vera ein sentral plass for formidling av fagstoff som har med grovfôr å gjere, og er glad for tips om interessant fagstoff og prosjekt vi kan formidla.